Å pusse opp er ingen spøk! Alle som har sett Sinnasnekkeren på fjernsyn veit at det kan legge tunge prøvingar på eit forhold. Det er mange krav og forskrifter, og feiltrinn kan fort bli dyre. Å sage gjennom veggen på feil stad, bruke feil lim på tapetet, eller for seint innsjå at den nye veggen ikkje er i vater – det er kjedeleg å finne ut mot slutten av oppussinga.
Og ja – IKEA har mange fine kjøkken, men som alle veit er flatpakka interiør ingen spøk når alle delane er pakka ut og skal på plass. La heller oss ta jobben – så kan de reise på langweekend, hyttetur eller noko anna kjekt, og kose dykk i staden.
O. Drage har eit knallsterkt lag av handverkarar med høg kunnskap og lang rutine, som har bygd seg gjennom kvart einaste ny byggforskrift sidan 1976.
Dei gjer jobben effektivt og riktig – og står som garantistar for eit vel utført oppdrag.
Døme på oppussingsprosjekt:
Montere nytt kjøkken
Bytte ut gamal panel med moderne gipsplater
Legge nytt golv
Endre på rominndeling
Montere balansert ventilasjon
Modernisere rom